Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Streik truar omtrent all kollektivtrafikk i Frankrike. Det kan ende med kaos i Frankrike ti dagar før fotball-EM blir trilla i gang.
npk@npk.no
Publisert: 31.05.2016 kl 09:03
Det er steile frontar i fransk arbeidsliv mellom fagforeiningane og regjeringa etter at sistnemnde prøver å få gjennom ei arbeidsreform som blant anna svekkjer oppseiingsvernet og opnar for meir fleksible arbeidstidsreglar. Tusenvis har protestert i gatene den siste veka.
Det er ikkje mange dagar til fotballturistane begynner å ta over dei ulike EM-byane i landet. 10. juni startar meisterskapen. Konflikten må derfor løysast raskt om den ikkje skal gå utover EM.
Tysdag blir togtrafikken ramma av streik, og frå torsdag vil metro og bussar i Paris bli kraftig redusert. Flytrafikken blir involvert frå fredag.
– Eg kjem til å fortsette, for eg meiner dette er gode reformer, har president François Hollande uttalt.
– Det kjem ikkje til å bli tog- eller metrostreikar under fotball-EM, insisterer sosialistpartiets generalsekretær Jean-Christophe Cambadelis.
Frankrike møter Romania i opningskampen 10. juni. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.