Fare for streik hos Hyundai

Dei tilsette ved bilprodusenten Hyundai i Sør-Korea har fått grønt lys frå styresmaktene til å gå ut i streik.

Fagforbundet til fabrikkarbeidarane har ikkje teke ei endeleg avgjerd om å streike, men den statlege kommisjonen som handterer arbeidskonfliktar gir dei no høve til dette.

Ifølgje nyheitsbyrået Yonhap viser kommisjonen til at det er stor avstand mellom dei tilsette og leiinga i spørsmålet om lønn og arbeidsvilkår.

Dei fagorganiserte har alt stemt for streik, men forbundet vil tidlegast ta stilling til det onsdag.

Sist Hyundai-tilsette streika var for fem år sidan, og ein streik vil få store økonomiske følgjer for bilprodusenten, som er ein av dei største i verda.

(©NPK)

Faren aukar for streik hos ein av dei største bilprodusentane i verda, Hyundai Motors i Sør-Korea. Foto: AP / NTB.

Annonse