Annonse

Farleg stoff lak ut frå industribygg i Oslo

Det har vore ein lekkasje av kaliumhydroksid frå eit industribygg i Alnabruveien i Oslo, opplyser Oslo-politiet. Men lekkasjen er mindre enn først antatt.

- Brannvesenet har kontroll på lekkasjen, skriv politiet på Twitter tysdag ettermiddag.

Det er ikkje fare for at stoffet renn ned i Alnaelva, som ligg rett ved staden, slik politiet først frykta.

Ingen personar er skadde i hendinga, opplyser operasjonsleiar Gjermund Stokkli i Oslo politidistrikt til NTB.

Politiet fekk melding om lekkasjen klokka 13.30 og sende alle nødetatar til staden og sette opp sikkerheitssperringar.

Det er hos transportfirmaet Schenker at lekkasjen har skjedd, får NTB stadfesta. Ifølgje politiet er det snakk om ein mindre lekkasje av ei sterk reinsevæske for plast.

Ifølgje politiet sende brannvesenet inn kjemikaliedykkarar for å avgrense og stanse lekkasjen.

Kaliumhydroksid er sterkt etsande og kan reagere med andre stoff og utvikle brannfarleg og giftig gass.

Eit farleg stoff lak tysdag ettermiddag ut frå eit industribygg på Alnabru i Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix