Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Posten Noreg varslar fleire tiltak for å bøte på inntektsfallet etter tidenes største nedgang i talet på brevsendingar på eitt kvartal.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 16:11
Det såkalla adresserte brevvolumet fall med heile 14 prosent i årets tre første månader, opplyser konsernet i ei pressemelding. Spesielt dei største kundane i bank og finans har redusert talet på brevsendingar kraftig. I første kvartal var nedgangen på 25 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Totalt var resultat før nedskrivingar og eingongseffektar innan postsegmentet 176 millionar kroner i første kvartal, heile 149 millionar mindre enn i det same kvartalet i fjor.
– Resultatet understrekar viktigheita av både gjennomførte og planlagte tiltak. Regjeringas framlegg om å slå saman A- og B-post er eit viktig og nødvendig neste skritt for å tilpasse servicetilbodet til kundanes endra bruk av Postens tenester, seier avtroppande konsernsjef Dag Mejdell.
Stortinget vil truleg behandle dette forslaget alt før sommaren. Endringane vil da kunne gjennomførast i 2017.
Både stabs- og støttefunksjonar i Posten er kutta i første kvartal. Dessutan er postleveringen på laurdagar avvikla, medan det er gjort endringar i landposttenesta. Posten skriv at det blir gjennomført «bemanningstilpassingar» heile tida. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.