Færre drukningsulukker i fjor

(NPK-NTB): 102 personar omkom som følgje av drukning i 2015, viser tal frå Norsk Folkehjelp. Det er 13 færre enn året før.

Dei fleste ulukkene skjedde ved fall frå land, ifølgje statistikken.

– Vi rår derfor dei som ferdast langs sjøen eller ved vatn til å ta godt skotøy på beina. Det er lett å skli på glatte svaberg eller på steinar langs ei elv. Dersom ei ulukke skjer og det krev ein innsats frå di side, er det lurt å ha kunnskap om førstehjelp. Nøl derfor ikkje med å ta eit førstehjelpskurs, seier Ivar Christiansen i organisasjonen.

Fylkesstatistikken viser at Hordaland totalt blei ramma av tolv ulukker i 2015. Nordland hadde elleve og Telemark åtte. Oppland og Troms hadde ei ulukke kvar. På Svalbard var det ingen drukningsulukker. (©NPK)

Annonse