Annonse

Færre får arbeidsavklaringspengar - nedgangen større enn venta

I alt 3,6 prosent av folket i alderen 18 til 66 år får no arbeidsavklaringspengar (AAP). Talet er 0,6 prosentpoeng lågare enn for eitt år sidan.

I alt 3,6 prosent av folket i alderen 18 til 66 år får no arbeidsavklaringspengar (AAP). Talet er 0,6 prosentpoeng lågare enn for eitt år sidan.

Det viser tal frå Nav per desember 2018. I absolutte tal var nedgangen i talet på mottakarar på 16.700 - frå 140.700 i desember 2017 til 124.000 personar i desember 2018.

Frå 1. januar 2018 vart maksimal stønadsperiode for AAP redusert frå fire til tre år, og vilkåra for forlenging vart samtidig skjerpa. I tillegg må ein ha vore medlem i folketrygda i tre år for å ha rett til å ta imot AAP.

- Talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar har det siste året gått spesielt mykje ned som følgje av regelverksendringane for arbeidsavklaringspengar som vart innført 1. januar 2018. Reduksjonen i talet på mottakarar er i tråd med hensikta til regelverksendringane, men nedgangen er noko større enn forventa, seier Nav-direktør Sigrun Vågeng.

Målet med endringane var å få fleire mottakarar av AAP tilbake i jobb raskare.

Forklaringa på fallet var at det var færre nye mottakarar av AAP i 2018 samanlikna med året før. Samtidig gjekk fleire ut av ordninga, og det er den viktigaste grunnen til nedgangen. Vel ein av tre (36,8 prosent) som ikkje lenger får AAP, fekk uføretrygd eit halvt år etter.

I løpet av 2018 har det vorte færre mottakarar av AAP i alle fylke. Aust-Agder er fylket med størst del av befolkninga i alderen 18 til 66 år med AAP (5,4 prosent), mens Akershus har lågast del med 3 prosent.

Nedgangen er størst i Østfold med heile 21,7 prosent. Deretter følgjer Finnmark med 20,8 prosent nedgang.

(©NPK)

Nav-direktør Sigrun Vågeng seier nedgangen i talet på mottakarar av AAP i 2018 var noko større enn forventa. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix