Klargjør siden...

Færre lakselus i år

(NPK-NTB): Oppdrettsnæringa har betre kontroll over lakselusa enn på fleire år, viser tal frå Mattilsynet.

Avdelingssjef John Bjarne Falch i Mattilsynet seier til NRK at strategien med å førebyggje framfor å behandle med kjemikaliar ser ut til å fungere.

– Første kvartal i år viser mykje betre resultat enn dei siste åra. Vi har færre overskridingar av lusegrensa, som er ei halv vaksen holus per laks. Det er dramatisk forskjell frå i fjor og året før, seier han. (©NPK)

Annonse