Klargjør siden...
Annonse

Færre lovbrot blant flyktningar og innvandrarar i Tyskland

(NPK-NTB-FNB): Talet på lovbrot gjort av flyktningar og innvandrarar i Tyskland går ned, ifølgje ein ny rapport frå tysk politi.

Syrarar, irakarar og afghanarar, som alle er asylsøkjarar, er underrepresentert i statistikken for gruppa migrantar, medan personar frå Nord-Afrika, Georgia og Serbia er overrepresenterte.

Dei tre første månadene i 2016 blei det gjort eller prøvd gjort 69.000 lovbrot av flyktningar og migrantar i Tyskland. Mellom januar og mars har talet på saker der innvandrarar og flyktningar er mistenkte, sokke med om lag 18 prosent.

Tysk politi, Bundeskriminalamt, understrekar at dei aller fleste flyktningar og innvandrarar ikkje gjer seg skuldige i kriminalitet.

Tala kan ikkje samanliknast med statistikk frå tidlegare år ettersom 2016 er det første året der alle tyske delstatar rapporterer inn dei aktuelle opplysningane. (©NPK)

Annonse