Annonse

Færre personskadar i 2019

Rapporten Personskadedata frå Helsedirektoratet viser at det skjedde 3.000 færre personskadar i Noreg i 2019 enn året før.

Medan Spesialisthelsetenesta rapporterte 158.434 personskadar til Helsedirektoratet i 2018, var talet i 2019 155.395. Meir enn halvparten av personskadane var fallskadar.

Dei aller fleste personskadane (93 prosent) var ulykker, medan berre 2,4 prosent var resultat av vald. Det vart registrert 10.000 fleire skadar blant menn enn blant kvinner, med ei spesielt stor overvekt blant menn i alderen 20–39 år. Frå 60-årsalderen og oppover er det registrert flest skadar blant kvinner. Totalt er det klart flest skadar blant personar under 20 år.

Særleg blant eldre skjer flest skadar i heimen eller på institusjon. Totalt er nesten éin av tre innrapporterte skadar ført opp i kategorien bustad og bustadområde. Ikkje overraskande blir yngre ramma av flest skadar på skule og idrettsområde, medan nesten éin av tre skadar i 40-59-årsalderen skjer i trafikken.

Det er eldre som blir utsett for klart flest alvorlege skadar. Meir enn éin av ti personskadar blant personar over 80 år blir klassifiserte som alvorlege, medan talet er knapt éin av 100 blant personar under 20 år.

(©NPK)