Klargjør siden...

Færre politibåtar i aksjon på Sørlandet i sommar

(NPK-NTB): Politibåtane i Kristiansand, Mandal, Risør og Arendal får ikkje permanent bemanning i sommar. Årsaka er dårleg økonomi.

– Det er veldig synd. Vi treng politiet på sjøen. Dette er eitt av dei viktigaste rekreasjonsområda våre. Sjølv om dei aller fleste båtførarane oppfører seg sømmeleg og pent og køyrer varsamt og omsynsfullt, så er det somme som ikkje klarer å passe båten, og da treng vi politiet, seier leiaren av den fellesoperative eininga i Agder politidistrikt, Bård Austad, til NRK.

Tidlegare somrar har Agder politidistrikt hatt fleire politibåtar på vatnet konstant i åtte veker, men i år tillèt ikkje økonomien dette.

– Vi kjem til å bli dårlegare på omfanget av regulert patruljeverksemd. Men talet på båtførarar er der, så det kjem til å bli patruljetenester òg. Men at det blir mindre i år enn i fjor, det er det ingen tvil om, seier Austad.

Hamnefuten i Arendal, Rune Hvass, er redd for at dette kan bety fleire ulykker til sjøs på Sørlandet denne sommaren.

– Konsekvensane blir større fart og meir fyllekøyring og større risiko for skade og drukningsulykker, seier Hvass. (©NPK)

Annonse