Klargjør siden...
Annonse

Favorittsiger til Hegstad Krüger i Lysebotn Opp

Simen Hegstad Krüger tok ikkje uventa sigeren i rulleskirennet Lysebotn Opp onsdag.

29-åringen frå Oslo har vunne dette 7,5 kilometer lange motbakkeløpet i fri teknikk før òg, og gjorde det igjen. I mål var han 17 sekund føre landslagskollegaen Hans Christer Holund.

Den som hadde tippa dei to øvst på listene før start, ville ikkje ha fått mykje igjen på oddsen.

3.-plassen gjekk til Ineneu Esteve Altimiras frå Andorra. Han var halvminuttet bak storfavoritt Krüger i mål.

Clément Parisse frå Frankrike var 1.13 minutt bak på 4.-plass. Deretter følgde svensken Eric Rosjø framfor Iver Tildheim Andersen.

I klassen for staking vart det siger til Johan Hoel med tida 32,13. Han var sekundet føre Herman Paus på 2.-plass. 19 sekund bak der igjen følgde Andrew Musgrave på 3.-plass.

(©NPK)

Simen Hegstad Krüger etter Lysebotn opp på Blinkfestivalen i Sandnes i 2020. Også den gongen var han bestemann. Foto: Carina Johansen / NTB

Annonse