Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): FBI har avhøyrt fleire av Hillary Clinton næraste medarbeidarar og opplyser at dei snart er ferdige med etterforskinga av den tidlegare utanriksministerens bruk av ein privat epostserver.
npk@npk.no
Publisert: 06.05.2016 kl 07:55
Avhøyra av blant andre Clintons mangeårige medarbeidar Huma Abedin blir bekrefta av FBI overfor TV-kanalen CNN. Dei markerer eit klart steg framover i granskinga av epostsaka rundt den demokratiske presidentkandidaten.
Clinton overleverte epostserveren og ein minnepinne til det føderale politiet i fjor haust. CNN får opplyst at etterforskinga nærmar seg slutten, og så langt er det ikkje funne bevis på at ho med overlegg har brote lova.
Clinton var USAs utanriksminister frå 2009 til 2013, og i denne perioden brukte ho den private epostserveren til offisielle oppgåver, noko som er i strid med regelverket. Serveren inneheldt hemmelegstempla dokument, men Clinton har sjølv understreka at desse epostane vart hemmelegstempla først etter hennar tid som minister.
Bryan Pagliano, som jobba for Clintons presidentvalkamp i 2008 – og året etter sette opp den private epostserveren heime hos Clinton – står også på lista over personar FBI skal snakke med, ifølgje CNN. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.