Feil eritrear kan ha blitt teken for menneskesmugling

(NPK-NTB-AP): Ein eritrear er utlevert frå Sudan til Italia, mistenkt for menneskesmugling i Middelhavet. Men i Oslo sit ei kvinne som er overbevist om at politiet har teke feil mann.

Ifølgje italienske styresmakter er mannen identifisert som 35 år gamle Mehane Yehdego Mered. Men ifølgje ei eritreisk kvinne som er busett i Oslo, er det broren hennar som er arrestert, og han heiter Medhanie Tesfamariam Kidane og er 27 år gammal.

– Eg er sjokkert. Bror min er uskuldig. Han har ikkje gjort nokon ting, seier Hiweet Berhe Tesfamariam Kidane til nyheitsbyrået AP og BBC.

Ho fortel at broren inntil no har levd eit «normalt» liv som flyktning i Sudan.

At han er arrestert for menneskesmugling og mistenkt for å vera involvert i eit forlis der 359 menneske omkom i 2013, har ho fått vita av ei søster i Sudan og gjennom media.

Også ein eritreisk journalist busett i Sverige, som har intervjua den mistenkte menneskesmuglaren, meiner at politiet har teke feil mann.

– Eg blei klar over at det er to ulike personar. Mange menneske har ringt meg og sagt at dette er feil mann, seier Meron Estefanos, som trur at politiet har forveksla dei to mennene fordi dei har ganske like namn.

– Vi gjer dei nødvendige kontrollane, men dette verkar uvanleg, seier sjefaktor Francesco Maurizio Scalia til AP.

Ifølgje BBC fekk sudansk politi hjelp av britiske og italienske styresmakter før dei arresterte mannen som no er i eit italiensk fengsel. (©NPK)

Annonse