Klargjør siden...

Feite lønningar i nytt statleg vegselskap

(NPK-NTB): Alle dei åtte direktørane i det nye statlege vegselskap Nye vegar tener meir enn samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Snittlønna for dei åtte direktørane i selskapet er ifølgje Stavanger Aftenblad 1.431.250 kroner. Dette er før bilgodtgjering på totalt 350.000 kroner til tre direktørar. Administrerande direktør Ingrid Dahl Hovland tener 2,3 millionar kroner inkludert 150.000 kroner i bilgodtgjering. Til samanlikning blir statsrådar lønna med 1.264.040 kroner. Nye vegar ønskte i utgangspunktet ikkje å gå ut med lønnsdetaljane for andre enn administrerande direktør, men avisa klaga på vedtaket og fekk innsyn.

Stortingspolitikar Heikki Eidsvoll Holmås (SV) reagerer på pengebruken.

– Dette er ein måte å sløse med pengane til fellesskapet på som kjenneteiknar Ketil Solvik-Olsen og regjeringa. Det blir meir byråkrati, fleire direktørar og høgare lønningar, seier han.

Styreleiar Rolf Roverud i Nye vegar forsvarar lønningane.

– Vi må ta omsyn til marknaden vi opererer i. Samtidig er vi ekstremt bevisste på ikkje å vere lønnsleiande. Vi får ikkje tak i profesjonelle folk utan å vere i nærleiken av marknaden, seier Roverud.

Regjeringa la 130 milliardar kroner i potten då Nye vegar vart lansert i fjor vår. Oppdraget vart i første omgang definert til å byggje og drifte sju vegstrekningar på til saman 500 kilometer gjennom dei neste 20 åra. (©NPK)

Annonse