Klargjør siden...

Fellesforbund-boikott av Scandic Hotels var ulovleg

(NPK-NTB): Fellesforbundet dreiv ulovleg boikott av hotella til Scandic Hotels i Oslo i samband med streiken i hotell- og restaurantbransjen, har Oslo byfutembete slått fast.

Frå 3. til 12. mai hindra streikevaktene vareleveransar, mellom anna mat og sengetøy, til fleire av Scandic-hotella i Oslo.

Den 13. mai bad Scandic Hotels AS om mellombels tiltak for å stanse aksjonen. Same dagen kom Oslo byfutembete med ei avgjerd i saka, og Fellesforbundet fekk pålegg om å stanse boikotten av hotella umiddelbart. Oslo byfutembete var ikkje i tvil om at boikotten og aksjonsforma var rettsstridig.

I tillegg konkluderte retten med at Tore Skjelstadaune, medlem i Fellesforbundets forbundsstyre, organiserte ein rettsstridig boikott og er ansvarleg for denne.

I rettsavgjerda står det òg at Fellesforbundet og Skjelstadaune må betale 21.000 kroner i sakskostnader til Scandic Hotels AS. (©NPK)

Annonse