Klargjør siden...

Fellesforbundet: – Kan halde streiken gåande lenge

(NTB-Ines Margot Zander): Med 1,9 milliardar kroner i streikekassa har Fellesforbundet råd til ein langvarig konflikt. Snart sluttar ytterlegare 1.000 medlemmer seg til dei som alt er tekne ut.

Laurdag legg 925 medlemmer ned arbeidet.

– Sju nye fylke går ut i morgon. Då har vi tatt ut alle fylka i landet, seier kommunikasjonsansvarleg i Fellesforbundet, Vidar Grønli, til NTB.

Det er fylka Aust-Agder, Vest-Agder, Sogn og Fjordane, Østfold, Telemark, Hedmark og Oppland som laurdag sluttar seg til streiken i hotell- og restaurantbransjen. Ei opptrapping på ytterlegare 269 medlemmer skjer 13. mai. Då vil nesten 7.700 hotelltilsette vere omfatta av streikeuttaket innan utgangen av neste veke.

– Det er veldig god stemning blant medlemane no, seier Grønli.

Fellesforbundets streikefond er på 1,9 milliardar kroner. I tillegg finst det ekstra midlar hjå LO sentralt.

– Vi har sånn sett økonomi til å halde ut lenge, seier Grønli.

– Vi ønskjer jo ei løysing, og vi håpar arbeidsgjevarane snart kjem på bana, held fram han.

Førebels er det ingen møte på trappene mellom partane.

– Vi har ikkje nokon dialog, men vi jobbar jo alle intenst med å få løyst denne konflikten, seier forhandlingsleiar Jostein Hansen i NHO Reiseliv.

– Det er eit stort ansvar å ha ein sånn konflikt gåande. Det ansvaret tek vi begge, seier Hansen.

Etter snart to veker med streik har enkelte hotell mellom anna måtta avlyse konfirmasjonar og andre tilskipingar.

– Mange hotell er opne og gjer så godt dei kan. Det er berre sånt som skjer, seier Hansen. (©NPK)

Annonse