Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Ines Margot Zander): Eit streikeramma hotell i Oslo sentrum er delvis opna igjen med uorganiserte tilsette. Det er ikkje streikebryting, meiner hotellet. Jo, det er det, seier Fellesforbundet.
npk@npk.no
Publisert: 06.05.2016 kl 12:40
Radisson Blu Scandinavia i Oslo, tidlegare kalla Sas-hotellet, stengde dørene dagen etter at streiken i hotell- og restaurantbransjen byrja. Kristi himmelfartsdag hadde leiinga henta inn nok uorganiserte arbeidarar til å starte opp igjen delar av drifta. Det førte til ein konfrontasjon mellom streikande arbeidarar og vakter.
– Vi gjorde så godt vi kunne for å ta vare på gjestene våre. Vi vart nøydde til å ringje politiet, så dei kunne få fri ferdsel, seier distriktsdirektør Tarje Hellebust i hotellgruppa Carlson Rezidor til NTB.
– Det er berre tull. Da politiet kom, bad dei oss om å ikkje hindre offentleg ferdsel, ikkje blokkere nødutgangane og oppføre oss ordentleg. Elles ønskte dei oss god streik, seier leiaren i Fellesforbundets avdeling 10 i Oslo, Tore Skjelstadaune.
– Vi skal ha eit møte med hovudtillitsvald så snart ho er tilgjengeleg. Da skal vi protestere mot at det faktisk vart eit fysisk basketak torsdag, seier han.
– Vi tar gjerne eit møte med dei, og da er det eitt tema på agendaen: Det er stenging av hotellet, og at det skal halde fram med å halde stengt, seier Skjelstadaune.
Fellesforbundet meiner det er streikebryting når hotellet no delvis har opna igjen. Det er ikkje Hellebust einig i.
– Vi har lov og rett til å halde det vi kan oppe. Vi har eit ansvar for dei uorganiserte blant dei tilsette òg, og eit ansvar for gjestene. Vi driv ikkje streikebryting, seier Hellebust.
Han får støtte av NHO Reiselivs forhandlingsleiar, Jostein Hansen.
– Vi synest dette var spesielt. Det er ein ulovleg aksjon. Dei hindrar vareleveransar, og dei stoppar gjester frå å gå inn. Vi vurderer sak, seier han.
– Eg kjenner ikkje detaljane i saka, men vi ser at det imellom kjem saker som er vanskelege å handtere for folk. Det er mykje kjensler inne i biletet, men vi ønskjer minst mogleg støy omkring streiken, seier Grønli.
– Vi oppmodar folka våre til å ikkje la seg provosere. Vi har fått meldingar om enkelte episodar rundt om i landet, men det er for det meste roleg, seier han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.