Annonse

Fellesforbundet lovar å sikre meir pensjon

(NPK-NTB): Leiaren i Fellesforbundet, Jørn Eggum, bles i kritikken og er skråsikker på at pensjon frå første krone blir utfallet av tariffoppgjeret i vår.

Innanfor LO har debatten om pensjon rast heftig dei siste månadene, skriv Klassekampen. Sterke krefter har ivra for betre kollektive pensjonsordningar i privat sektor, mens skepsisen i fleire LO-forbund har samtidig har auka til at Fellesforbundet skal ordne dette gjennom frontfagsoppgjeret med NHO-foreininga Norsk Industri.

– Eg forhandlar ikkje gjennom avisene, men det eg kan seie er at pensjon frå første krone kjem til å bli utfallet av dette tariffoppgjeret, lovar Eggum overfor Klassekampen.

Per dags dato er det to hindringar for kravet om «pensjon frå første krone», og Eggum har tenkt til å endre begge i tariffoppgjeret. For det første er ikkje bedriftene pliktige å betale inn til pensjonsordningane for alt ein tener opp til éin gong grunnbeløpet på 90.000 kroner. For det andre treng dei ikkje å betale inn pensjon for tilsette som har jobba kortare enn tolv månader.

Administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri har sagt at han vil nekte å inkludere pensjonsspørsmålet i sjølve tariffoppgjeret, fordi pensjonen ikkje er tariffesta. Eggum lar seg ikkje uroe.

– Det er ingen ny tradisjon det Lier-Hansen seier. Ved kvart oppgjer gir dei ingenting før dei går i oppgjer. Lønnsoppgjera har historisk vist at Fellesforbundet har stor gjennomslagskraft for dei krava vi stiller, seier han. (©NPK)

Annonse