Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Russisk påtalemakt har formelt tiltalt fem menn for drapet på opposisjonsleiaren Boris Nemtsov i Moskva i februar.
npk@npk.no
Publisert: 29.12.2015 kl 13:22
Det opplyser påtalemakta tysdag, melder nyheitsbyrået DPA. Dei fem tsjetsjenarane, som vart gripne i mars, er tiltalte for å ha gjennomført eit bestillingsdrap på Nemtsov. Dei er også sikta for brot på Russlands våpenlover.
Ein av dei tiltalte, ein tidlegare tsjetsjensk politimann ved namn Zaur Dadajev, tilstod drapet tidlegare i år, men trekte tilståinga og sa han hadde vorte torturert. Ifølgje russiske medium uttalte Dadajev i innrømminga at han drap Nemtsov fordi opposisjonsleiaren hadde fornærma islam og Tsjetsjenias leiar Ramzan Kadyrov.
Ein sjette mann er etterlyst internasjonalt, mistenkt for å ha bestilt drapet, heiter det i utsegna frå russisk påtalemakt. Han oppheld seg ifølgje påtalemakta truleg i Dei foreinte arabiske emirata, melder det russiske, statlege nyheitsbyrået RIA.
Enkelte blant opposisjonen i Russland meiner derimot styresmaktene står bak drapet på Nemtsov. Dottera Sjana Nemtsov har fleire gonger uttalt at det er Kreml som ber ansvaret for drapet.
Opposisjonsleiaren og Putin-kritikaren Boris Nemtsov vart skoten og drepen på open gate i Moskva 27. februar. To dagar seinare skulle han stått i spissen for ein demonstrasjon mot Russlands rolle i krigen i Ukraina. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.