Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Det er meldt om fem nye tilfelle av sjuke hundar sidan tysdag, opplyser Mattilsynet. Dei sjuke hundane er frå Oslo, Telemark, Vest-Agder, Nordland og Finnmark.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 11.09.2019 kl 11:44
Sist oppdatert: 11.09.2019 kl 12:16
Alle hundane har symptom som blodig diaré, oppkast og redusert allmenntilstand, ifølgje Mattilsynet.
I tillegg har det komme meldingar om hundar med meir moderate symptom.
Mattilsynet påpeikar at symptoma er vanlege hos hundar, men ofte med mindre akutt sjukdomsgang.
- Så vidt vi har oversikt over så langt, er det ikkje nokon unormal førekomst av symptoma andre stader enn i Oslo-området, opplyser dei.
Det er førebels ingen fellestrekk mellom sjukdomstilfella verken når det gjeld alder, rase, fôr, kontakt med andre hundar eller turområde.
Mattilsynet jobbar saman med Veterinærinstituttet, NMBU Veterinærhøgskolen og veterinærklinikkar for å hente inn informasjon om sjukdomstilfella.
Fleire hundar skal obduserast dei neste dagane, og i tillegg blir prøvemateriale frå sjuke hundar analysert.
Prøver frå hundar blir analysert ved Veterinærinstituttet. Fleire hundar har blitt sjuke av ukjent årsak dei siste vekene, og minst 26 hundar er døde. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix