Annonse

Fem skadde i okseløp i Pamplona

(NPK-NTB-AP): Ein amerikanar vart stonga og fire andre kvesta i det nest siste okseløpet i Pamplona i Spania.

Over 1.000 menneske sprang gjennom bygatene ved 8-tida onsdag morgon. Gjennom det to og eit halvt minutt lange løpet kom fleire av deltakarane i nærkontakt med ein av dei seks oksane, og oksen løfta minst to av dei opp i lufta med horna.

Helsepersonell opplyser at ein amerikanar vart stonga i det venstre beinet og sendt til sjukehus. Fire andre løparar vart sende til sjukehus med kvestingar, opplyser Navarra-sjukehusets talsmann Jon Ariceta.

Den ni dagar lange San Fermin-festivalen i Pamplona vart internasjonalt berømt i Ernest Hemingways roman «The Sun Also Rises» frå 1926. Kvart år deltar tusenvis av turistar i okseløpet.

I ei separat hending laurdag døydde ein deltakar i eit okseløp i Pedreguer, og same dag vart ein japansk mann stonga i brystet og ein spansk mann i armen i Pamplona. Same dag døydde ein 29 år gammal tyrefektar etter at han vart spidda i brystet av ein okse under ein kamp i Teruel, det første tyrefektardødsfallet sidan 1985. (©NPK)

Annonse