Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Forskingsrådet gir femten student-gründerar inntil ein million kroner kvar for å starte eiga bedrift.
npk@npk.no
Publisert: 20.06.2016 kl 08:35
Pengane gir Norsk Forskningsråd gjennom pilotordninga StudENT, som skal gjere det enklare for studentar med ein god ide å bli entreprenørar framfor å velje andre karrierevegar.
– Arbeidsplassane i framtida vil bli skapt av menneske som tør å ta ein sjanse, og som satsar på eigne evner og idear, seier næringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.
Etter at forskingsrådet hadde vurdert 53 søknader, fekk dei 22 beste møte eit ekspertpanel for å presentere ideen sin og svare på spørsmål. Basert på presentasjonen valde panelet ut 15 kandidatar som vil få inntil ein million kroner kvar det neste året for å realisere ideen.
Ideane som får støtte, spenner seg frå utvikling av appar til høgeffektiv varmelagring av solenergi.
StudENT-ordninga er ein pilot i 2016 og skal bidra til læring både i Forskingsrådet og universitets- og høgskulesektoren. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.