Fengselsavdelingar for særleg høg sikkerheit aldri evaluert

(NPK-NTB): Fengselsregimet som Anders Behring Breivik har saksøkt staten for å ha brukt, er ikkje blitt systematisk evaluert sidan opprettinga i 2002.

– Det er ikkje gjort noka samla evaluering av ordninga, men vi følgjer jo veldig godt med på det. Kvar enkelt sak blir følgt nøye opp, seier assisterande direktør Jan-Erik Sandlie i Kriminalomsorgsdirektoratet til NRK.

Peter Scharff Smith har forska på isolasjon i fengsel ved Institutt for menneskerettar i Danmark. Han meiner ordninga bør bli evaluert.

– Det kan vere helsefarleg. Det kan gi angst, depresjon og psykisk sjukdom. I nokre tilfelle sinnslidingar som paranoid psykose. Viss ein innfører eit spesielt regime, må ein sjølvsagt følgje det opp og evaluere det, meiner han.

Til saman elleve personar har sete på avdelingar for særleg høg sikkerheit sidan ordninga blei innført i 2002. Etter Breivik er det bankranaren og drapsmannen Stig Millehaugen som har sete lengst på ei slik avdeling. Også han saksøkte staten for soningsforholda, men tapte saka.

– Du blir behandla som eit dyr. Du er heilt isolert, stengt ute frå normal kontakt med andre menneske, seier forsvararen til Millehaugen Morten Furuholmen.

Breiviks sak mot staten startar i Skien fengsel tysdag. (©NPK)

Annonse