Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Forbrytarar som blir dømde til fengsel, er mindre kriminelle seinare og kjem seg raskare inn i arbeidslivet enn forbrytarar som ikkje får fengselsstraff, ifølgje ein ny forskingsrapport.
npk@npk.no
Publisert: 02.08.2016 kl 08:37
Fem år etter domfelling har dei som blir dømde til fengsel, i snitt 27 prosent lågare risiko for å ha blitt dømt for nye brotsverk enn dei som gjer seg skuldig i same brotsverk, men ikkje må sone, skriv Klassekampen. For innsette som ikkje har vore i jobb dei siste fem åra, er effekten endå større.
– Arbeid er nøkkelen. Det vi finn er at arbeidsmarknadsprogram i fengsel gir folk moglegheiter, mens dei som ikkje blir dømde til fengsel, antakeleg hamnar tilbake i gamle mønster sidan dei ikkje får oppfølging, seier økonomiprofessor Katrine Løken ved Universitetet i Bergen. Saman med tre andre forskarar står ho bak artikkelen «Incarceration, Recidivism and Employment».
Johan Lote i stiftinga Wayback, som jobbar med å hjelpe fangar med livet etter soning, seier dei stort sett meiner at fengsel ikkje hjelper. Han seier rapporten viser at det er utdanning, oppfølging og hjelp til jobb og nettverksbygging som fungerer.
– Vi registrerer at rapporten legg vekt på at rehabilitering i form av å tilby arbeid og utdanning kan gi lågare tilbakefall, og det er i samsvar med våre erfaringar, seier fungerande avdelingsdirektør Kristin Tandberg i Kriminalomsorgsdirektoratet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.