Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Fengslingsmøtet for den sikta advokaten Amir Mirmotahari går bak lukka dører.
npk@npk.no
Publisert: 27.06.2016 kl 15:05
Politiadvokat Christian Hatlo kravde lukka dører då Mirmotahari på ny blei framstilt for varetektsfengsling i Oslo tingrett måndag.
Mirmotaharis forsvarar, advokat Anders Brosveet, hadde ingen innvendingar mot kravet, og etter ein kort tenkjepause tok retten oppmodinga frå aktor til følgje.
Grunngjevinga frå retten er at etterforskinga er i ei innleiande fase, og at det vil skade etterforskinga dersom informasjon om saka kjem ut. Retten meiner også at det er viktig at politiet får ro rundt etterforskinga.
Advokaten blei fredag sett fri av Borgarting lagmannsrett, men så arrestert på nytt. 38-åringen er sikta for å ha bedt ein av klientane sine om å kidnappe eit valdtektsoffer, forsøk på å motarbeide rettsstellet, i tillegg til forsøk på grovt skadeverk, noko som går fram av eit opptak av ein telefonsamtale. Det var VG som publiserte lydopptaket der advokaten ber om desse tenestene.
Mirmotahari blei fengsla av Oslo tingrett 17. juni, men blei altså sett fri av lagmannsretten fredag. Same dag blei han arrestert på nytt. Bakgrunnen skal vere at politiet har nye opplysningar om at han skal ha gjort straffbare handlingar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.