Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Ferdsskrivaren på det russiske jagarflyet som blei skote ned av Tyrkia ved grensa til Syria, er for øydelagt til å kunna gje svar på kor flyet var heilt nøyaktig.
npk@npk.no
Publisert: 21.12.2015 kl 17:05
Styresmaktene i Moskva hevdar at flyet var på syrisk side av grensa då det blei skote ned, medan Tyrkia hevdar at det krenkte tyrkisk luftrom.
Russland håpa at ferdskrivaren ville dokumentera at dei har rett, men opplyser no at han er for øydelagt til å kunna gje svar på noko som helst.
– Det har vist seg umogleg å henta ut data på grunn av skadane, seier nestleiaren for flytryggleik i det russiske flyvåpenet, Sergej Bainetov.
Ifølgje Bainetov blei 13 av dei 16 mikrochipane i ferdskrivaren heilt øydelagde i nedskytinga, medan dei tre andre blei skadde.
Russland vil likevel søkja bistand frå spesialistar, i eit forsøk på å dokumentera kor SU-24 flyet var då det blei skote ned. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.