Klargjør siden...

FHI stadfestar tuberkulose blant ukrainske flyktningar i Noreg

Tuberkulose er avdekt blant ukrainske flyktningar i Noreg, stadfestar FHI. Alle nykomne flyktningar blir rutinemessig sjekka for sjukdommar.

– Vi er kjende med at screeninga ved framkomst har avdekt enkelte tilfelle av tuberkulosesjukdom blant nykomne ukrainarar. Det er som forventa når det no kjem mange menneske frå eit land med høg førekomst av tuberkulose, opplyser FHI-overlege Karine Nordstrand til ABC Nyheter.

Dei tuberkulose-smitta blir isolerte og viste vidare til utgreiing og behandling. Det blir òg starta smittesporing.

Ved framkomst i Noreg blir alle ukrainarar sjekka for ulike sjukdommar.

– Det er viktig å understreke at dei aller fleste nykomne ikkje har nokon smittsam sjukdom, seier Nordstrand.

(©NPK)

Rutinesjekk av flyktningar frå Ukraina har avdekt tuberkulose. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Annonse