Klargjør siden...

Fide-presidenten hyllar Carlsen etter VM-nei: – Blir eit stort tomrom

Magnus Carlsens epoke som verdsmeister i klassisk sjakk går mot slutten. Det internasjonale Sjakkforbundet (Fide) erkjenner at det er eit hardt slag.

Onsdag kom avklaringa sjakkverda har venta på. I ein podkast stadfesta Carlsen at han ikkje stiller i neste års langsjakk-VM. Han har vunne tittelen fem gonger og hatt den samanhengande sidan 2013.

31-åringen oppgav manglande motivasjon som årsak. Før jul vann han klart duellen med Jan Nepomnjasjtsjij (7,5-3,5).

– Vi hadde håpa at Magnus ville sjå annleis på det etter ein periode med kvile. Avgjerda hans vil utvilsamt skuffe fansen, og det er dårleg nytt for VM som eit syn. Det blir eit stort tomrom, men sjakken står sterkare enn aldri før. Det er delvis Magnus' forteneste, seier Arkadij Dvorkovitsj i ei fråsegn.

Han er president i Det internasjonale Sjakkforbundet (Fide). Russaren har full forståing for at Carlsen droppar eit sjette strake VM.

– Magnus Carlsen fortener ingenting anna enn respekt frå Fide og resten av sjakkmiljøet for alle karriereval han tek. Det er berre ei handfull personar som kan forstå og leve seg inn i kva for ei enorm last det er å spele fem VM-kampar.

(©NPK)

Fide-president Arkadij Dvorkovitsj helser på Magnus Carlsen framfor sjakk-VM i London i 2018. Foto: Nina Rangøy / NTB

Annonse