Klargjør siden...

Fifa får kvinneleg generalsekretær

(NPK-NTB-AFP): Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) tilsette fredag sin første kvinnelege generalsekretær. Valet fall på Fatma Samoura frå Senegal.

Den nye Fifa-presidenten Gianni Infantino sa nyleg at han ønskte å bruke sommaren på å finne den rette kandidaten, som deretter kunne tilsetjast under Fifa-rådsmøtet i september.

På den siste dagen av Fifa-kongressen i Mexico by vart det likevel klart at den nye generalsekretæren er Fatma Samoura, som i tjue år har arbeidd i FN-systemet. Sist har ho hatt ansvaret for utviklingsprogram i Nigeria. Ho har ingen tidlegare tilknyting til fotballen.

– Dette er ein fantastisk dag for meg, og det er ei ære å få rolla som generalsekretær i Fifa, seier Samoura i ei fråsegn.

– Eg ser fram til å bidra med erfaringa mi og arbeide med det viktige reformarbeidet som allereie er i gang i Fifa.

Senegalesaren skal byrje i jobben i midten av juni etter å ha gått gjennom ein kvalifikasjonstest hos ein uavhengig komité.

– Vi må ta det seriøst når vi seier at vi omfamnar mangfald og trur på likestilling, seier Infantino.

– Ho kjem til å vere eit friskt pust i Fifa. Ein utanfrå, ikkje frå innsida. Ikkje ein frå fortida, men ein ny.

Tidlegare Fifa-generalsekretær Jerome Valcke fekk sparken i januar og vart stengd ute frå fotballen i tolv år for brot på det etiske regelverket. Tyskaren Markus Kattner har fungert i rolla sidan da.

Fifa-kongressen skal mellom anna avgjere om Kosovo og Gibraltar skal takast opp som nye medlemmer. (©NPK)

Annonse