Klargjør siden...
Annonse

Fifa innfører strengare straff for rasisme

Fifa doblar minstestraffa for rasistiske hendingar til utestenging i ti kampar. Samtidig oppmodar dei spelarar som blir offer til å uttale seg.

Strengare straff for rasisme er eit sentralt tema når Fifa oppdaterer sine disiplinære reaksjonar, som vil gjelde frå neste veke.

- Tema som rasisme og diskriminering har vorte oppdaterte. Dette set Fifa i førarsetet i kampen mot desse forferdelege angrepa på fundamentale menneskerettar, heiter det i ei fråsegn frå fotballforbundet torsdag.

Minstestraffa for spelarar eller leiarar aukar frå fem til ti kampar, og offer vil snart kunne bli invitert til å fortelje om opplevinga si ansikt til ansikt med eit Fifa-dommarpanel.

Om spelarar er offer for diskriminerande tilrop frå fans, vil dommaren kunne avbryte kampen. Dette gjeld mellom anna i alle kvalifiseringskampar til VM 2022. Fifa vil at framtidige avbrotne kampar skal ende i eit 0-3-tap for laget som har fans som har vore diskriminerande, «med mindre det er eksepsjonelle omstende».

- For eit første lovbrot skal det bli spelt ein kamp med avgrensa tal tilskodarar og ei bot på minst 170.000 kroner skal bli pålagt foreininga eller klubben det gjeld.

(©NPK)

Fifa og president Gianni Infantino innfører strengare straffer for rasisme og diskriminering. Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB scanpix