Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Markus Kattner fekk måndag sparken som assisterande generalsekretær i Det internasjonale fotballforbundet (Fifa).
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 20:28
Årsaka skal ifølgje forbundet sjølv vere finansielle mishald knytt til stillinga hans.
Kattner var fungerande generalsekretær i Fifa ein lang periode etter at hans forgjengar Jerome Valcke òg fekk sparken på grunn av mishald.
– Kattner har fått sparken med umiddelbar verknad, heiter det i ei fråsegn frå fotballens øvste organ.
– FIFAs interne gransking avslørte brot på tillitsforhold bunde til hans tilsetting, lyder det vidare.
Kattner blei tilsett som økonomidirektør i Fifa i 2003.
Fatma Samoura utnemnt som ny generalsekretær på kongressen tidlegare denne månaden. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.