Klargjør siden...
Annonse

Fifa vil fullføre Blatter-etterforskinga innan 90 dagar

(NPK-NTB-DPA): Etikk-komiteen i Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) håper at etterforskinga av Sepp Blatter og Michel Platini er fullført før suspensjonen av dei to fotballtoppane går ut.

Duoen blir etterforska for ei millionutbetaling frå forbundet med president Blatter i spissen til Uefa-president Platini i 2011. Pengeoverføringa skal ha dreidd seg om ein konsulentjobb ein gong mellom 1998 og 2001, men ingen har førebels lagt fram den nødvendige dokumentasjonen.

Både Blatter og Platini har vorte stengde ute frå organisasjonen i 90 dagar mens dei er etterforsking.

– Etterforskingsorganet i Fifa vil gjere alt dei kan for å sikre at den etiske komiteen kjem fram til ei avgjerd innan dei 90 dagane med suspensjon er over, skriv Fifa i ei pressemelding.

Platini stiller i utgangspunktet som kandidat til å ta over presidentvervet etter Blatter. Utestenginga sluttar 6. januar, men kan bli utvida med 45 dagar til 20. februar. Fifa skal velje ny president 26. februar. (©NPK)

Annonse