Klargjør siden...

Fifa vil tvinge VM-arrangørar til å følgje menneskerettane

(NPK-NTB-AP): Fifa har gitt ein Harvard-professor i oppgåve å formulere menneskerettskrav til arrangørar og sponsorar av fotball-VM.

Professor John Ruggie har på oppdrag frå FN utarbeidd eit rammeverk som klargjer ansvaret til næringslivet for å vareta menneskerettar. Denne kan raskt bli ein del av Fifas arbeidsrutinar. Ruggie, som er professor i menneskerettar og internasjonale studiar, skal i mars levere ein rapport til Fifa om rammeverket.

Rapporten verkar som ein reaksjon på bekymringane som det skandaleforfølgde fotballorganet har for arbeidarrettar i Qatar, som er vert for VM i 2022. Landet har fått masse kritikk for omsynslaus behandling av utanlandske arbeidarar, blant dei som jobbar med bygging av infrastrukturen til fotball-VM om sju år.

For anbodsprosessen for 2026 må nasjonar derimot ha tilstrekkeleg bevis for at arbeidstakarlover må vere på plass. Bygging av fotballstadion skal heller ikkje pådra seg vreide frå lokalbefolkninga, som i Brasil i forkant av VM i 2014. (©NPK)

Annonse