Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Fotball-VM feirar hundreårsjubileet sitt ved å leggje 2030-sluttspelet for menn i Sør-Amerika, Afrika og Europa.
Publisert: 04.10.2023 kl 17:19
Sist oppdatert: 04.10.2023 kl 18:19
Det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol) var først ute med nyheita ved å stadfeste at dei tre første kampane skal spelast i Uruguay, Argentina og Paraguay.
Resten av meisterskapen skal så gjerast unna i Spania, Portugal og Marokko, opplyser Det internasjonale fotballforbundet (Fifa).
For første gong blir eit fotball-VM spreidd over seks land og tre kontinent. Det vil skje 100 år etter at det første sluttspelet vart arrangert i Uruguay.
Fifa oppgir at trioen Spania, Portugal og Marokko stod igjen som einaste kandidat til 2030-meisterskapen. Der skal 48 lag delta, og alle dei seks arrangørlanda vil vere automatisk kvalifisert.
– I ei splitta verd går Fifa og fotballen saman. Fifa-styret har einstemmig vorte samde om å feire VMs 100-årsjubileum på best mogleg vis, seier Fifa-president Gianni Infantino.
2030-VMs første oppgjer blir lagt til der alt starta: Estádio Centenário i Montevideo.
Formelt sett skal tildelinga i Fifa-styret godkjennast på neste års kongress.
Allereie no oppmodar Fifa medlemsland i dei kontinentale forbunda i Asia og Oseania til å søkje om 2034-VM.
Kort tid etter uttalinga kom nyheiten om at Saudi-Arabia vil jobbe for å bli arrangør. Det er landets statlege nyheitsbyrå som meldte dette.
(©NPK)
Santiago Bernabéu i Madrid ligger fort an til å bli ein VM-arena i 2023. Foto: Manu Fernandez / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.