Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Militæret på Filippinane har arrestert ni kvinner som dei beskriv som potensielle sjølvmordsbombarar knytte til gruppa Abu Sayyaf.
fredrik.moen.gabrielsen@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 23.02.2021 kl 10:46
Kvinnene skal ha vorte tekne til fange under militæroperasjonar i tre byar i provinsen Sulu fredag.
Soldatane skal òg ha beslaglagt batteri, spiker, ein granat og andre gjenstandar som kan brukast til å lage bomber. Fleire av dei arresterte kvinnene er visstnok i familie med ein Abu Sayyaf-leiar som vart drepen i fjor.
Den væpna islamistgruppa Abu Sayyaf har lenge vore aktiv sørvest på Filippinane. Gruppa er tilknytt IS og stod i 2015 bak bortføringa av nordmannen Kjartan Sekkingstad.
(©NPK)