Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Filippinane oppmodar styresmaktene i Kina til å respektere rettsavgjerda i Haag-domstolen, der Kinas territorialkrav i Sørkinahavet vart avvist.
npk@npk.no
Publisert: 14.07.2016 kl 08:42
Utanriksministeren på Filippinane, Perfecto Yasay, skal fredag vere med på det to dagar lange Asia-Europa-møtet (Asem) i hovudstaden i Mongolia. Der skal òg den kinesiske statsministeren, Li Keqiang, vere til stades.
– Yasay skal diskutere Filippinanes fredelege og rettslege tilnærming til Sørkinahavet og behovet for at partane respekterer rettsavgjerda, heiter det i ei fråsegn frå det filippinske utanriksdepartementet.
Fråsegna torsdag er den sterkaste frå Filippinane til no etter at valdgiftsdomstolen i Haag tysdag slo fast at det kinesiske kravet på det ressursrike og strategisk viktige Sørkinahavet ikkje har rettsleg grunnlag.
Styresmaktene i Kina har uttalt at dei ikkje kjem til å respektere rettsavgjerda. Onsdag trua Kina med å opprette ei luftforsvarssone over Sørkinahavet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.