Finaletap for bursdagsbarnet Carlsen
På 30-årsdagen måtte Magnus Carlsen tole finaletap mot Wesley So i opningsturneringa i Champions Chess Tour. Ein draumestart hjelpte ikkje.
Duellen mellom Carlsen og So vart avgjort i to lynsjakkparti etter at dei fire innleiande hurtigsjakkpartia på måndag enda 2–2.
So vann det første partiet i lynsjakk, og i det andre heldt han Carlsen til remis. Dermed var turneringssigeren sikra.
For sigeren innkasserer amerikanaren 30.000 dollar, tilsvarande 267.000 norske kroner.
(©NPK)
Magnus Carlsen møtte Wesley So i finalen måndag. Foto: Carina Johansen / NTB