Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Ungarns statsminister Viktor Orban ville ikkje vere med på EUs avgjerd om å starte medlemskapsforhandlingar med Ukraina. Han kallar det ei galen avgjerd.
Publisert: 14.12.2023 kl 19:19
I eit innlegg på Facebook torsdag kveld kritiserer Orban EU-avgjerda og seier at han heldt seg unna den saka.
– Ukrainas EU-medlemskap er ei dårleg avgjerd. Ungarn ønskjer ikkje å delta i denne dårlege avgjerda, skriv han i innlegget.
Financial Times siterer kjelder på at avgjerda om Ukraina-forhandlingar vart tekne etter at Orban hadde forlate rommet.
Torsdag skreiv EU-president Charles Michel på X/Twitter at EU opnar for medlemskapsforhandlingar. Samtidig blir Georgia gitt status som kandidatland.
(©NPK)
Ungarns statsminister Viktor Orban likar ikkje at EU opnar for medlemskapsforhandlingar med Ukraina. Foto: Virginia Mayo / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.