Finansavisen: Store delar av Reitan-formuen blir flytta til Sveits

Magnus Reitan overfører 20 milliardar kroner av Reitan-formuen til barna Kristoffer og Viktoria Reitan, som er busette i Sveits.

Magnus Reitan eig 33,33 prosent av Reitan-konsernet, medan broren Ole Robert og faren Odd eig dei siste to tredelane.

«Vi har sammen planlagt dette generasjonsskiftet lenge og gjennomfører nå første steg. Det betyr at jeg overfører mesteparten av eierskapet i MVK Capital til mine barn. Jeg beholder kontrollen i investeringsselskapet, mens Kristoffer og Viktoria involveres gjennom styreplass, eierskap og rett til utbytte», skriv Magnus Reitan i ei fråsegn til Finansavisen.

Barna bur i Sveits

Kapital anslo at den samla Reitan-formuen utgjer 64 milliardar kroner då oversikta over Noregs 400 rikaste vart publiserte. Når ein tredel av dette blir overført, betyr det at Magnus Reitans to barn får eigarskap til over 20 milliardar kroner.

«Barna har i mange år oppholdt seg i lange perioder i utlandet, og begge er nå bosatt i Genève. Kristoffer er profesjonell golfspiller og Viktoria er musiker og musikkstudent. Mitt eierskap i Reitan er gjennom MVK Capital AS», skriv Reitan.

Han seier likevel at hans eiga rolle og engasjement i Reitan vil vere som før. Overfor både Finansavisen og E24 stadfestar Magnus Reitan at verken han, Ole Robert eller Odd flyttar til Sveits.

Røkke flagga ut i september

Reitan-konsernet driv i hovudsak innan varehandel, eigedom og investering. Konsernet driv mellom anna Rema 1000, Narvesen, 7-eleven og bensinstasjonskjeda YX i Noreg, og dessutan fleire andre storkiosk- og bensinstasjonskjeder i Norden.

Utflytting av formuar frå Noreg har fått mykje merksemd dei siste månadene, etter at Kjell Inge Røkke 12. september i år melde at han skulle flytte til Sveits med formuen sin. I ettertid varsla mellom anna eigedomsmilliardæren Tord Ueland Kolstad at han flytta i same retning.

(©NPK)

Magnus Reitan flyttar delar av sin formue ut av landet. Broren Ole Robert Reitan i bakgrunnen.
Foto: Javad Parsa / NTB

Annonse