Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Den nye grunnrenteskatten på havbruk, også kalla lakseskatten, bidreg med 4,5 milliardar kroner i statskassa, melder Finansdepartementet.
Publisert: 09.10.2024 kl 13:20
Det er bransjeavisa IntraFish som fører talet.
– Anslått bruttoproveny frå grunnrenteskatten på havbruk er på usikkert grunnlag rekna til om lag 4,5 milliardar kroner komme for 2024, skriv departementet.
Det vil i så fall vere litt under anslaget til regjeringa på fem milliardar kroner, men Finansdepartementet presiserer at anslaga framleis er veldig usikre.
Lakseskatten har møtt mykje motstand i oppdrettsnæringa.
– Satsen må vesentleg ned, normprisrådet må fjernast og næringa må kunne betale skatt på bakgrunn av faktiske inntekter og utgifter. Dette og meir ser vi fram til å snakke til finanskomiteen om fredag, seier fagsjef for industri og skatt i Sjømat Norge, Martine Werring-Westly, til IntraFish.
(©NPK)
Regjeringa forventar å tene 4,5 milliardar kroner frå den nye lakseskatten. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.