Klargjør siden...

Finlands statsminister Sanna Marin går av som partileiar

Sanna Marin går av som leiar for dei finske sosialdemokratane (SDP). Det kunngjorde Finlands statsminister på ein pressekonferanse onsdag.

I tillegg varslar Marin at regjeringa hennar går av torsdag. Ho reknar det som usannsynleg at ho blir medlem av ei ny regjering.

Marin held fram som medlem av den finske riksdagen. Hennar avgang som partileiar skjer sjølv om partiet hadde framgang ved valet søndag.

(©NPK)

Sanna Marin sluttar som leiar for dei finske sosialdemokratane. Foto: Sergej Grits / AP / NTB

Annonse