Finnane vil gi Kyrö «nåde»

(NPK-NTB-FNB): Skiforbundet i Finland er positive til å oppheve livstidsutestenginga av «dopingtrenaren» Kari-Pekka Kyrö.

Daverande landslagstrenar Kyrö vart plukka ut etter den finske dopingskandalen som vart avslørt under VM på heimebane i Lahti i 2001. Seinare har han vedgått at finsk langrennssport dreiv med systematisk doping på den tida, men han har òg peika på andre nasjonar.

No ber det finske skiforbundet om vurderingar frå det finske integritetssenteret og overvakingsnemnda for den finske antidopingkomiteen. Deretter skal forbundet avgjere om dei skal oppheve den nasjonale utestenginga og eventuelt ta saka vidare til Det internasjonale skiforbundet (Fis) for å få oppheva straffa internasjonalt.

– Dette kjem til å ta nokre månader. Styret i Det internasjonale skiforbundet har møte i haust, seier generalsekretær Mika Kulmala til nyheitsbyrået FNB. (©NPK)

Annonse