Finnmark: Ti russiske statsborgarar sende tilbake

(NPK-NTB): Til no er ti russiske statsborgarar som har komme til Noreg over Storskog for å søke asyl, vedtekne returnert til Russland, opplyser Utlendingsdirektoratet (UDI.

I tillegg er ein syrer med langvarig opphald bak seg i Russland utvist frå Noreg, opplyser UDI til NTB.

Førre veke kom det 2.000 asylsøkjarar til Noreg. Omtrent kvar fjerde kom over Storskog, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI).

Justisministeren instruerte tysdag Utlendingsdirektoratet om å sende tilbake alle asylsøkjarar som har opphaldsløyve i Russland.

– Vi har registrert at fleire av dei som kjem no, har ei sterk tilknyting til Russland gjennom dobbelt statsborgarskap, opphaldsløyve eller visum. Instruksen seier at i dei sakene som kan behandlast raskt, og der personar kan returnerast til Russland, skal det gjerast. Det er ein instruks vi sender til UDI i dag, sa Anundsen til NTB tysdag. (©NPK)

Annonse