Fire menn mistenkte for hatkriminalitet mot Vinicius er sette fri
Dei fire mennene som blir etterforska for å ha hengt opp ein dokke som skulle førestille Vinícius Júnior hengjande frå ei bru, er sette fri mot kausjon.
Dei fire vart varetektsfengsla tidlegare denne veka. Ein domstol i Madrid opplyste om lauslatinga torsdag. Mennene har fått forbod mot å nærme seg og kommunisere med Real Madrid-vingen i påvente av vidare etterforsking.
Hendinga fann stad i januar før ein kamp mot Atlético Madrid. Eit svart, oppblåsbar dokke vart hengd frå ei bru ved Real Madrids treningsfelt.
Saman med dokka hang eit banner med teksten «Madrid hatar Real».
Den rasistiske hetsen mot 22 år gamle Vinícius har vorte fordømd av ei heil fotballverd. Brasilianaren har vorte utsett for rasisme tidlegare i sesongen, men det toppa seg under kampen mot Valencia søndag. Tre ungdommar er arresterte i etterkant av det oppgjeret.
Det har vore stort fokus på rasismeepisodane Vinícius har opplevd den siste tida. Måndag kveld lokal tid vart den ikoniske kristusstatuen i Rio de Janeiro sløkt i ein time for å vise solidaritet med fotballstjerna.
(©NPK)
Real Madrids Vinicius Junior var ikkje med på kampen mot Ray Vallecano onsdag, men møtte opp for å takke for støtta han har fått etter kampen mot Valencia søndag. Foto: Manu Fernandez / AP / NTB