Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Fire menneske vart drepne då danske soldatar prøvde å hindre eit piratangrep utanfor kysten av Nigeria.
uvakt@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 25.11.2021 kl 10:39
Sist oppdatert: 25.11.2021 kl 16:20
Soldatane var på fregatten Esbern Snare, som patruljerer området. Ei gruppe soldatar rykte onsdag ut i ein mindre båt for å sjekke ein båt som hadde vakt mistenksomhet.
Ei skotveksling oppstod, og fire antekne piratar vart drepne. Ingen danskar kom til skade. Fire antekne piratar vart arresterte, og éin av dei er alvorleg såra.
Torsdag vart dei overlevande varetektsfengsla in absentia i Københavns Byret. Sjølv er dei på den danske fregatten.
Hendingsgangen vart beskrive av påtalemakta under fengslingsmøtet. Dei antekne piratane skal ha hatt kurs rett mot fleire handelsskip då dei vart stansa.
Soldatane prøvde å komme på skothald for å skyte i stykker motoren på den lokale båten. Dei skaut òg varselskot, ifølgje det danske forsvaret.
Dermed vart dei sjølv beskutt – før dei svarte på elden. «Fire av piratene avgikk ved døden», står det i pressemeldinga til forsvaret. Om bord i båten vart det funne automatvåpen av typen AK-47, strips og ein kraftig boltesaks.
Danmarks statsminister Mette Frederiksen rosar soldatane og seier dei truleg har hindra eit angrep på sivile handelsskip.
(©NPK)