Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Styret i Det internasjonale skiforbundet (FIS) vedtok fredag at årets kongress blir utsett frå 4. oktober og blir avvikla 5. juni neste år.
peder.skjelten@npk.no
Publisert: 31.07.2020 kl 17:49
Kongressen blir òg flytta frå Zürich i Sveits til Portoroz i Slovenia, går det fram i ei fråsegn på forbundets nettstad. Årsaka til utsetjinga er helsemessige omsyn i samband med koronaviruspandemien.
FIS held fast ved planen om å kåre VM-arrangørar i 2025 på eit styremøte 3. oktober. Det møtet vil bli halde ved videokonferanse. Trondheim er einaste søkjar til VM i nordiske greiner. Crans-Montana, Garmisch-Partenkirchen og Saalbach kjempar om alpin-VM.
Dei planlagde komitémøta vil òg bli halde som oppsett i tida 29. september til 2. oktober, men det skjer òg ved videomøte.
Avgjerda om å utsetje kongressen og omgjere resten av møta til videokonferansar vart fatta etter tilråding frå FIS' medisinske komité. Med i vurderinga var at gjeldande reiserestriksjonar ville gjere det vanskeleg eller umogleg for delegatar frå mange land å delta.
(©NPK)
FIA-president Gian Franco Kasper og styret hans vedtok fredag å utsetje årets kongress til juni neste år. Foto: Tore Meek / NTB scanpix