Fiskeridirektoratet utset etableringa av oppdrett i verdsarvområde

Fiskeridirektoratet utset etableringa av oppdrettsanlegg i Vegaøyan verdsarvområde etter fleire klager, mellom anna frå Riksantikvaren.

Klagene er til behandling hos fylkeskommunen, opplyser Fiskeridirektoratet.

Vegaøyan på Helgelandskysten i Nordland står på Unescos verdsarvliste. Ei av årsakene er ærfuglane og ein tusenårig tradisjon med å sanke ærfugldun.

Saka strekkjer seg tilbake til 2016, der Mowi først fekk utsleppsløyve av Fylkesmannen i Nordland til etableringa av eit oppdrettsanlegg i Rørskjæran i Vega kommune.

Etter fleire rundar med mellom anna ei omgjering frå Klima- og miljødepartementet og klage frå Mowi vedtok Fiskeridirektoratet 30. april at Mowi fekk etablere seg i området. Dette har Riksantikvaren og fleire andre klaga på. Fiskeridirektoratet forventar å behandle klagene innan 15. juli.

Vegaøyan i Nordland fekk verdsarvstatus og vart skrive inn på Unesco-lista over natur- og kulturarv i 2004.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix