Fiskeværet Henningsvær i Lofoten er freda

Henningsvær kulturmiljø i Vågan kommune i Lofoten vart vedteken freda i statsråd fredag.

– Henningsvær er eit av dei historisk viktigaste fiskeværa våre og fortel ein viktig del av Noregs historie. Kulturmiljøet er av nasjonal verdi og viser utviklinga frå rorvær til moderne fiskevær frå 1800-talet til i dag, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding.

Det blir det trettande kulturmiljøet som blir freda på denne måten. Til saman omfattar kulturmiljøet 226,15 dekar, og sjøarealet utgjer 67,6 dekar. Riksantikvaren starta fredingssaka i 2019 og sende si faglege tilråding til departementet våren 2022.

– Riksantikvaren takkar alle som bur i Henningsvær for det store engasjementet i saka. Vi er opptekne av lokal involvering og medverknad i fredingsprosessar. Vi la ned mykje arbeid i å vere på staden og få ein god dialog med folk og næring, og innspela har hatt hadde mykje å seie for korleis fredinga vart utforma, seier riksantikvar Hanna Geiran.

I praksis betyr dette at uteareal og eksteriøret til bygningane i Henningsvær no er freda. Interiøret kan likevel framleis endrast på.

(©NPK)

Heile Henningsvær er no freda som kulturmiljø.
Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Annonse