Klargjør siden...

Fjordland kallar tilbake kyllingsuppe

(NPK-NTB): Fjordland kallar tilbake kyllingsuppe med sjampinjong og estragon fordi den kan innehalde fiskesuppe, opplyser selskapet.

Tilbakekallinga gjeld for produkt med datomerking siste forbruksdag 9. august i år.

– Fjordland kallar tilbake dette produktet fordi det kan innehalde fiskesuppe og dermed fisk, skaldyr, gluten og selleri, og gi allergiske reaksjonar hos personar med allergi for desse ingrediensane, opplyser selskapet.

Ein del fiskesuppe blei feilaktig markert som kyllingsuppe under produksjonen, som førte til feilen som gjer at Fjordland kallar tilbake suppa.

– Vi tek denne saka svært alvorleg. Vi har omfattande rutinar for å hindre at feil skjer, og vi ser no på korleis vi skal skjerpe desse ytterlegare, slik at noko liknande ikkje skjer igjen, seier produksjons- og utviklingsdirektør Cathrine Bronken i Fjordland. (©NPK)

Annonse