Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Magnus Martens (50) sakna ein horrorkomedie om fjøsnissen. Men filmen hans har også vorte skrekkeleg aktuell.
Publisert: 08.11.2023 kl 09:00
«There’s Something in the Barn», som har kinopremiere fredag, skildrar kor gale det kan gå viss du gløymer julegrauten til fjøsnissen. Regissør Magnus Martens syntest det var på tide.
– Uforståeleg at ingen har laga film om gretne fjøsnissar før, når det sit så djupt i tradisjonane våre, seier han til NTB.
– Alle veit at sånne nissar blir sure viss dei ikkje får det som dei vil. Derfrå er vegen kort til å lage ei skikkeleg skrekkforteljing om at dei blir verkeleg lynforbanna og eit reelt problem.
Skjønt, idet Martens gjekk i opptak, visste han ikkje kvar «brennaktuelt» innhaldet ville bli. Fleire stader fleipar filmen med Oslo-avtalen frå 1993, då norske diplomatar trudde dei hadde lagt grunnlaget for fred mellom Israel og Palestina.
Vitsane, som spring ut av forholdet til storyen mellom menneske og nissar, treffer ein utilsikta nerve gjennom opptrappinga i haust i Midtausten.
– Når vi har hatt førehandsvisningar, har vi sett eit tydeleg «før» og «etter», røper Martens.
– Det er faktisk meir latter no, fordi humoren verken er på kostnad av israelarar eller palestinarar. Det vi gjer narr av, er oss optimistiske nordmenn som skal snakke oss til løysingar, men at desse dessverre ikkje alltid varer.
«There’s Something in the Barn» krinsar rundt ein amerikansk familie som arvar hus i Gudbrandsdalen. Med huset følgjer låve, og der lever ein liten skjeggbuse som fort blir mannevond.
Martens kallar resultatet ei 80-talsinspirert kryssing mellom «Gremlins» og «Hjelp, det er juleferie!». Framfor kamera har han med Amrita Acharia, Martin Starr, Calle Hellevang-Larsen – og ikkje minst Henriette Steenstrup som mistruisk lensmann.
– Henriettes rolle representerer eit overdrive norsk blikk på amerikanarar, forklarer Martens humørfylt.
– Det er det mykje av humoren går på, begge vegar. Det handlar om korleis vi ser på amerikanarar, og korleis amerikanarar ser på oss. Eg håpar det skjener igjennom kor morosamt vi hadde det på settet.
Vestlendingen Martens burde ha gode føresetnader for å analysere det amerikanske. Etter å ha slått gjennom heime med «United» i 2003, har han det siste tiåret vore innom Hollywood-seriar i fleng: «12 Monkeys», «Agents of S.H.I.E.L.D.», «Fear the Walking Dead».
No vil han tilbake til spelefilmformatet.
– Eg har lyst til å fortelje historier som har ei byrjing og ein slutt. Seriar sluttar jo aldri, humrar han, og legg til at han synest det er kunstnarisk forløysande å ha passert 50.
– Du kjem til eit punkt der du jobbar på rein magekjensle. Du sluttar å tenkje på konsekvensar og kva karrieresteg som «lønner seg». Du gir meir blaffen og har det gøy.
Ifølgje Martens er «There’s Something in the Barn» selt til heile verda, med tjuvstart i mellom anna Danmark og Australia. Han trur neppe han vil skremme bort potensielle noregsturistar, sjølv om det etter kvart blir temmeleg blodig i fjøset.
– I så fall trur eg trolla har skremt dei allereie, kneggar han med eit kollegialt nikk til André Øvredal og Roar Uthaug, som har hatt suksess utanskjers med større og skumlare mytologifigurar.
– Krigen i Gaza er eit ømtåleg emne. Vurderte de å fjerne Oslo-avtale-vitsane?
Martens blir alvorleg igjen.
– Nei, vi står fullstendig inne for dei, erklærer han overfor NTB.
– Vi kjenner det blir det vesle bidraget vårt for at publikum ikkje skal gløyme uretten som rammar så hardt no. Det er ekstra viktig idet vi snart går inn i jula.
(©NPK)
Regissørkollegaenee André Øvredal og Roar Uthaug har hatt suksess med troll. No slår Magnus Martens eit slag for ein annan mytologisk skapning. Foto: Ymer Media
Magnus Martens gjeninntar kinolerretet etter å ha fokusert på seriar dei seinare år. Foto: Morten Holm / NTB
Martin Starr, kjent frå «Spider-Man»-filmane, spelar amerikanaren som snart angrar på at han flytta til Gudbrandsdalen. Foto: Ymer Media
Henriette Steenstrup er inne som den mistruiske lokale lensmannen. Foto: Ymer Media
Artikkelen fortsetter etter annonsen.